• Utsatte kvinner – Det har alltid vore farleg å vere kvinne i Brasil, særleg i storbyane. Men etter at [Jair] Bolsonaro vart president, opplever eg det meir ekstremt. Måten Bolsonaro omtaler kvinner, opnar for aksept av hatefulle kommentarar. Det er skummelt å vere vitne til, fortel Camilla Castro Alves. Alle foto: SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD

Hamrande hjarter i Brasil

Hamrande hjarter i Brasil

Under koronaens overflate kjempar brasilianske kvinner ein kamp som truleg vil leve lenger enn eit virus.

Fra utgave: 3 / mars 2021

Rio de Janeiro, Brasil

– Eg har begynt å normalisere ein del av trakasseringa.

Camilla Castro Alves er tilsynelatande avslappa, kledd i sandalar og ein kjole med bilete av Rihanna. Det lange håret, fletta i tynne fletter, dinglar på ryggen hennar. Ho tek eit trekk av røyken og bevegar seg gjennom dei travle gatene og viser snart veg inn i eit smug. Ho er på veg heim, på toppen av ein favela, eit fattig område kontrollert av mafiaen.

Fakta

Femicide

/ Femicide, også kalla feminicide eller kvinnedrap, er medvitne drap på kvinner på bakgrunn av deira kjønn. Dei hender på grunn av diskriminering eller forakt, og inkluderer partnardrap og drap på små jentebarn.

/ Ordet vart brukt i byrjinga av 1800-talet. Det var feminist og forfattar Diana E.H. Russell som i 1976 formelt definerte omgrepet i moderne tid.

/ I 2015 skilte Brasil ut kvinnedrap som ein eigen undergruppe til drap i brotstatistikken. Den såkalla Femicide Law, som blei innført av dåverande president Dilma Rousseff på kvinnedagen i 2015, heva strafferamma for kvinnedrap til 30 års fengsel.

/ Medan drapsratane i Brasil har gått noko ned, har talet på kvinnedrap gått opp. Og medan drap av menn ofte skjer ute på grunn av kriminalitet eller ulykker, skjer fleirtalet av kvinnelege drap i heimen. Kvar andre time blir ei kvinne drepen i Brasil.

/ Drap på mørkhuda kvinner auka med 12 prosent, medan det for kvite gjekk ned 11 prosent i perioden 2008-2018.

Kilder: OHCHR, forumseguranca.org.br, wilsoncenter.org, Wikipedia

  

– Om eg ikkje hadde normalisert det, hadde eg blitt psykisk utsliten, seier ho medan ho låser opp døra, ser seg kjapt over skuldra og losnar opp i eit smil når hunden kjem hoppande.

 

Ei ny tid

9 av 10 svarte ‘ja’ då avisa Folha de São Paulo i 2019 spurde kvinner om dei mente kjønnsrelatert vald har auka. I ei undersøking utført av institutta Patricia Galvao og Locomotiva frå 2019 svarte 97 prosent av intervjuobjekta at dei har vore ofre for formar for trakassering under offentleg eller privat transport. Brasil har dessutan flest drap på kvinner og jenter (femicide) i heile Latin-Amerika, målt i absolutte tal. I 2019 vart ifølge Brazilian Public Security Forum 3730 kvinner drepne i Brasil. 1326 av desse er definert som femicide. Det er blitt skumlare å vere kvinne i Brasil.

– Det har alltid vore farleg å vere kvinne i Brasil, særleg i storbyane. Men etter at [Jair] Bolsonaro vart president, opplever eg det meir ekstremt. Måten Bolsonaro omtaler kvinner, opnar for aksept av hatefulle kommentarar. Det er skummelt å vere vitne til, fortel Alves.

Den høgrepopulistiske presidenten meiner blant anna at kvinner ikkje burde tene like mykje som menn fordi dei blir gravide. Han har uttalt at det var ein svakheit at hans femte born vart født som kvinne, og kommentert til ei venstrepolitisk kvinne at ho var for stygg for å fortene å bli valdtatt. At våpen til alle er hans politiske kjernesak, bidrar heller ikkje til å gjera det tryggare for kvinner.

– Eg må heile tida vere på vakt, vere sterk og slåst for rettane mine, fortel Alves, som ikkje berre er kvinne, men også mørkhuda og lesbisk. I 2018 viser ei undersøking at 68 prosent av dei drepne kvinnene er svarte.

– Mørkhuda kvinner blir ofte hyperseksualiserte. Me er langt frå standarden for skjønnheit, og mange forventar difor at me skal utføre seksuelle tenester. Mange kvinner forvekslar dette med kompliment. Feminisme er eit privilegium for dei med utdanning, seier Camilla Castro Alves.

Ho ser utover strendene og dei dyre leilegheitene. Havet glitrar, men under den skinande overflata ligg opplevingar Alves helst vil legge lokk på. Som då menn har prøvd å gjere henne heterofil, og den gamle naboen som prøvde å kysse henne då ho berre var seks år. Minna blir ikkje borte, og Alves har lært seg å ta sine forholdsreglar. Ho set seg aldri på det inste setet på bussen, då det var her kjærasten hennar vart klådd på og truga med kniv. Ho filma – og rapporterte. Men høyrde ingenting.

– Politiet er menn, mafiaen er menn, taxisjåførane er menn. Nede i byen kan menn gjere som dei vil, i alle fall så lenge dei kan betale. Korleis skal eg bli høyrd og trudd? Det kjennest som at menneskerettane ikkje gjeld for meg som svart kvinne. Men i favelaen er det i alle fall ei form for indre justis, seier Alves og tek eit drag av sigaretten. Mafiaen her har laga eigne reglar som gjer at færre vågar å røre kvinner inne i favelaen.

– På ein måte er det tryggare her. Om ein mann rører ei kvinne i favelaen, må han bøte med livet.

 

Indre justis Camilla Castro Alves kjenner seg tryggare i favelaen enn nede i sentrum av Rio de Janeiro. – Her er det i det minste ein indre justis. I byen kan menn gjere som dei vil. Alle foto: SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD

 

Brasil treng oss no

Eit par kilometer unna, i den nyrike bydelen Barra da Tijuca er livet annleis. Væpna vakter, høge gjerde, resepsjon med sikkerheitsvakt ved inngangspartiet til leilegheitene. Men tankane til Fernanda Skinner, bak låste dører i sjuande etasje, er oppsiktsvekkande like dei til Alves.

– Eg har lurt på om me burde flytte frå Brasil, om det hadde vore tryggare å la jenta me ventar på, vekse opp i eit anna land. Samtidig, Brasil treng oss no. Eg må sette gode menneske til verda slik at me kan forandre samfunnet me lever i, seier Skinner og set seg ned.

Ho startar å forstå mor si betre, her ho går ventande i åttande månad. Ho veit det hadde vore så mykje enklare om barnet ho bar på var ein gut. Han ville sloppe kommentarane, blikka, hendene som rører ved ein og den konstante uroa.

– Som kvinne må eg alltid vere føre-var. Er det 40 grader ute, tek eg likevel med meg ei ekstra jakke, slik at eg kan dekke meg til om eg treng det. Eg puttar alltid håret i ein knute i nakken og ventar med å putte på leppestiften til eg er framme, seier Skinner.

 

– Brasil treng oss no – Eg har lurt på om me burde flytte frå Brasil, om det hadde vore tryggare å la jenta me ventar på, vekse opp i eit anna land. Samtidig, Brasil treng oss no, fortel høggravide Fernanda Skinner.

  

Skummel reise

Brasil er gigantisk. Berre innanfor Rio kan det å kome seg frå A til B fort ta fleire timar. Bussar er kjent for å kome seint, og det å vente kan vere risikabelt. I 2018 vart 4 millionar kvinner fysisk trakassert på offentleg transportmiddel i Rio de Janeiro. Eigne rosa metrovogner er sette inn for å betre situasjonen. Problemet er at mange menn snik seg med.

– Om du seier ifrå til ein mann, blir det ofte tolka som eit ynskje om merksemd. Ingen støttar deg, ikkje ein gong dei andre kvinnene, seier Camilla Castro Alves som er ei av mange som stadig får høyre at ho må ta ansvar for korleis ho kler seg.

– Fleire menn eg kjenner, reiser ein time tidlegare til jobb, slik at dei kan beskytte kjærasten sin når ho skal ta offentleg transport til jobb. Dette er kvardagslivet i Rio!

  

Sosial kontroll Frå ein ung alder lærer jenter i Brasil kva som er greitt og ikkje. Å ha raude neglar på eit jobbintervju blir sett på som vulgært.

 

«Heimen er den skumlaste staden»

Då Fernanda Skinner kom tilbake frå barselpermisjon, fekk ho sparken. I en melding på Whatsapp, elleve måneder etter møtet med henne i Brasil, skriv ho: «Det er berre slik det er. Ein kan seie opp tilsette etter fire månader. Og no under pandemien skjer det med veldig mange kvinner.»

Dette gjer kvinnene avhengige av mannen i heimen. I utrygge heimar blir det vanskelegare å seie imot, heimen blir vanskelegare å forlate. Og ikkje minst blir det vanskelegare å leve når isolasjon, usikker økonomi og eit globalt aukande alkoholforbruk blir den nye kvardagen.

Heile verda har merka ei auke i vald mot kvinner under koronapandemien. I seks brasilianske statar vart det i mars 2020 rapportert om ei auke i drap på kvinner med 56 prosent frå året før.

Krisetelefonen i São Paulo auka med 45 prosent, viser tal frå det offentlege sikkerheitsforum i Brasil, og dobbelt så mange kvinner vart drepne her i mars 2020 i samanlikning med 2019.

«Heimen er den farlegaste staden for ei kvinne», uttala Bruno Covas, borgermestaren i São Paulo, i mars 2020.

På toppen av dette er mange krisesenter stengt under epidemien, noko som gjer at valdsoffer ofte ikkje har nokon stad å gå. Å leve fri av frykt har blitt vanskelegare. Og sjølv om FN-kampanjar om å rapportere om vald i heimen går over TV-skjermen i Brasil, stig tala og mørketala i takt med viruset.

 

Forsvar Pepparspray er ulovleg i Brasil, men Camilla Castro Alves har likevel ein med seg. Alle foto: SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD

 

Eit steg fram, eit tilbake

– Det var blitt betre dei siste åra, meiner kvinneaktivist og historikar Suzane Mayer.

Ho sit på den kjende stranda ved nabolaget Copacabana og har rett i at ikkje alt er bekmørkt. Det er berre fire år sidan Dilma Rousseff styrte landet. Under president Lula (2003–2010), vart dessutan Maria da Penha-lova, ein av dei mest progressive lovverka mot vald i heimen i Latin-Amerika, implementert. Med den vart det ikkje lenger mogeleg å betale seg ut av tiltale.

Straffene for overgrep og brotsverk i heimen vart auka, og fleire krisesenter er sidan bygd. At drapet på den mørkhuda, lesbiske kongresskvinna Marielle Franco, som var kjent for sin aktive kamp for kvinners rettar, skapte sterke reaksjonar både nasjonalt og internasjonalt og var viktig for kvinnekampen i Brasil. Ingen veit kven som bestilte drapet på den populære politikaren, men ein veit at dei to tiltalte har hatt tette band til den sittande presidenten.

– Marielle Franco var viktig for Brasil. Ho kom frå favelaen, kommuniserte med favelaen, og mange såg på henne som ei av folket. Drapet prega oss alle, men talet på kvinner som stilte til val, og som vart valt inn i parlamentet, auka i etterkant, seier Mayer.

– Men ting endrar seg fort. Med Bolsonaro som president, kan me ikkje lenger ta rettane våre for gitt.

 

Hjelper sårbare kvinner I smug deler Suzane Mayer informasjon om korleis ein kan ta abort via meldingstenesten Whatsapp. Alle foto: SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD

 

Ingen makt over eigen kropp

Sett bort ifrå eit par turistar som vandrar i sjøkanten, er stranda heilt tom. Ei regndrope treff Mayer i panna. Ho sukkar, pakkar saman, smiler roleg og seier at denne stranda er trygg.

Men så peiker ho eit stykke bort langs stranda, eit område ho aldri vil gå til når det regnar.

Så seint som i 2017 svarte ein av tre brasilianske kvinner at dei har oppleve vald. Halvparten av dei av partnar eller tidlegare partnar. Få rapporterer det. Medan det er opna opp for abort i nabolandet Argentina, er abort like ulovleg som det alltid har vore i Brasil.

– Kvinner er sårbare, og menn likar å minne oss om det. Me har ikkje makt over vår eigen kropp, fortel Mayer og viser oss den hemmelege Whatsapp-gruppa kor ho hjelper usikre gravide.

– Berre dei privilegerte får tak i piller. Mange har ikkje noko kunnskap om korleis ein kan ta abort. Me prøver å forandre det, seier ho og skriv raskt inn eit svar frå ei kvinne som lurer på kva slags dokter ho kan kontakte.

– Seinast førre veke døydde ei kvinne i eit abortforsøk. Ho forsøkte å bruke ein spiss frukt.

 

Trur på endring – Eg er så lei av at menn skal bestemme korleis eg skal kle meg og vere, seier Ana Beatriz. 16-åringen prøver å endre det ho kan med dei nærmaste ho kjenner.

 

Ungt håp

Trass dystre tal og skumle tider er det optimisme å høyre i klasserommet på ein ungdomsskule i sentrum av Rio. 16-åringane Ana Beatriz og Julia Lopes fniser over kjærestar, før dei strengt fortel om kva som er greitt og ikkje blant jenter på deira alder.

– Frå ein veldig ung alder lærer me når me kan gå ut og ikkje, at me burde dekke oss til, passe på kva me seier og korleis me kler oss. Men ingenting om trakassering, ingenting om kvinner sine rettar, ingen seksualundervisning.

Ana Beatriz pratar så raskt at det er vanskeleg å halde tritt. Ho vil forandre det ho kan.

– Eg er så lei av korleis det er for oss. Men eg prøver å tenkje at eg sjølv må lære bort det vesle eg kan. Om kjærasten min kommenterer korleis ei jente går kledd på ein negativ måte, stoppar eg han og spør han om han ville sagt det til søster si, for eksempel. Me kan berre starte med oss sjølve, seier ho og kikkar ut, kor ein gutegjeng dultar borti kvarandre og barskar seg.

Men ingen plystrar idet ei vakker jente går forbi.

  

Ny generasjon Den maskuline kulturen skadar gutane også. – Me må vere tøffe menn, men no trur eg det er i ferd med å endre seg, fortel Nilson Mendes, nr. 2 f.v på bildet over. 

  

– Eg forstår at du er redd for at andre skal tru du er homofil, for ofte seier folk dette om du ikkje vil vere med ei vakker kvinne, seier den eine guten i bakgarden, Nilson Mendes til kameraten Kevin Barbosa.

– Men du må ikkje kysse ei jente om du ikkje vil. Du veit det, Kevin?

Kevin flirer beskjedent medan ein annan kamerat dultar han vennleg i sida. Den maskuline kulturen skader ikkje berre jenter, meiner gutane. Medan jenter blir fortalt at dei høyre heime på kjøkkenet, lærer gutar at dei ikkje skal gråte. Ein skal vere mann. Men ting er i endring, ifølge gutane.

– Jentene aksepterer ikkje lenger om ein gut ropar etter dei. Då spreier det seg fort. Ein får i alle fall ikkje nummeret hennar om ein gjer det på den måten. Så, for oss gutane, er det ikkje så smart lenger, fortel Nilson.

Ana Beatriz likar det ho høyrer: – Eg er stolt av generasjonen min. Me gjer ting og seier ifrå.

Ho snakkar på inn- og utpust, lenge, før ho endeleg trekk pusten.

– Eg meiner, Bolsonaro har kanskje gjort det verre i dag. Men snart vil viruset vere borte og ein ny generasjon ta over.